Nr.: |
41/2007 |
Dato: |
15.05.07 |
Kontaktpersoner: |
Kommunikasjonssjef Runar Malkenes
, Telefon 22 24 41 09
, Mobil 952 14 283
Informasjonsrådgiver Frank Vatne
, Telefon 22 24 41 31
, Mobil 952 14 283
|
Tollova blir skjerpa i kampen mot piratkopiar
Regjeringa styrkjer kampen mot falske merkevarer. - Det skal bli lettare for tollmyndigheitene å varsle rettshavar eller halde tilbake varer dersom det er mistanke om import av piratkopiar, seier finansminister Kristin Halvorsen. Dermed set vi rettshavarane i betre stand til å ta vare på rettane sine.
Innførsle av falske merkevarer til Noreg er eit veksande problem. Moglegheitene for å gripe inn har til no vore avgrensa. Tollmyndigheitene kan etter dagens reglar ikkje varsle rettshavar eller av eige tiltak halde tilbake varer der det er mistanke om at innførsle vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett.
Derfor foreslår Regjeringa no å endre Tollova slik at tollmyndigheitene skal kunne varsle rettshavar dersom det ligg føre ein grunngiven mistanke om at innførsle eller utførsle av varer under tollbehandling vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett.
Samtidig blir det foreslått at tollmyndigheitene også skal kunne halde varene tilbake i inntil fem yrkedagar rekna frå då varselet blei gitt. Forslaget vil gjere det lettare for rettshavarane å handheve rettane sine ved å krevje mellombels rådgjerd etter tvangsfullbyrdelsesloven § 15-13. For at tollmyndigheitene skal kunne leggje til rette for dette arbeidet blir det foreslått at endringa skal tre i kraft med verknad frå og med 1. september 2007.