Del 1: Innleiing
For 2005 er det foreslått løyvd netto om lag 357 mill. kr over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 1. Tilsvarande tal i 2004 var om lag 328 mill. kr.
Sysselmannen utøvar miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannen sitt miljøvernarbeid.
Over budsjettet til Miljøverndepartementet har det dei siste åra vore løyvd i gjennomsnitt om lag 80 mill. kr til svalbardformål. Det meste av dette går til miljøvernarbeid på Svalbard; om lag 51 mill. kr går til Norsk Polarinstitutt si verksemd på Svalbard, resten bl.a. til Direktoratet for naturforvaltning og Statens kartverk. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. Denne løyvinga inkluderer bl.a. 0,5 mill. kr til prosjektmidlar som tidlegare var utgiftsførte på Miljøverndepartementet sitt budsjett, men som frå 2005 er overførte til svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 5. Det er teke sikte på å halde oppe nivået på løyvinga over Miljøverndepartementet sitt budsjett i 2005.
I 2004 vart taubaneanlegget frå Adventdalen til Skjæringa på Svalbard freda. I fredinga inngjekk ei rekkje tekniske installasjonar frå Svalbard si tidlege industrihistorie knytt til koldrifta. Det gjeld bl.a. den karakteristiske Taubanesentralen, som er eitt av dei viktigaste landemerka i Longyearbyen.
Dei store verneområda på Svalbard har heilt sidan dei vart oppretta, omfatta sjøområda ut til territorialgrensa. Frå 01.01.2004 vart fleire verneområde utvida som ei naturleg følgje av at det norske sjøterritoriet vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil.
Vidare vart det vedteke fem nye verneområde på Svalbard. Dei nye verneområda utgjer 8 prosent av øygruppa. Sjølv om store delar vart verna allereie i 1973, har dei biologisk viktigaste områda ikkje vore ein del av vernet før no.
Lov 15. juni 2001 nr. 79 (svalbardmiljølova) § 98 gir grunnlag for å opprette Svalbard miljøfond. Miljøverndepartementet tek sikte på å etablere fondet i 2005. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande på Svalbard, gebyr for jakt- og fiskekort, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Midlane skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak.
Ein søknad frå Store Norske Gull AS om å få prøvebore etter gull i nærleiken av dei internasjonale forskingsstasjonane i Ny-Ålesund på Svalbard vart avslått. Omsynet til det internasjonalt viktige forskingsmiljøet i Ny-Ålesund var sentralt i vurderinga som vart lagt til grunn for avgjerda.
Miljøvernarbeidet vil i 2005 ha særleg fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit verkemiddel for å styrkje verneområdet. Vidare skal forhold knytte til gamle synder og avfallshandtering følgjast opp. Dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet skal overvakast. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot inngrep, forstyrring eller annan påverknad frå lokal verksemd. Bevaring av kulturminne knytte til industriell verksemd frå 1940-talet representerer ei spesiell utfordring. Dette arbeidet skal følgjast vidare opp i 2005. Det vil òg bli lagt vekt på å følgje nøye den delen av den aukande turismen som kan true den sårbare naturen på Svalbard.
Forsking er ein aukande aktivitet på Svalbard, og Sysselmannen vil i 2005 delta i eit nordisk prosjekt om integrering av miljøvernomsyn i forskinga.
Når det gjeld omtale av arbeidet med forskingsparken, viser ein til kap. 4.3.
Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk bistand til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.
Polarinstituttet har ei større forskingsverksemd på øygruppa. Dei driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund, luftmålestasjon på Zeppelinfjellet, og avdelingskontor og feltlager i Longyearbyen. Kvart år gjennomfører instituttet ein stor sommarekspedisjon på Svalbard, og ei rekkje mindre ekspedisjonar gjennom året. Instituttet brukar òg vesentlege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, konsekvensutgreiingar og miljøovervaking på øygruppa.
I 2004 styrkte Norsk Polarinstitutt si forskings- og overvakingsverksemd som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Instituttet styrkte òg sin rådgivingskapasitet overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen. I tillegg var dei med på å styrkje den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard. For 2005 er det stipulert at omlag 51 mill. kr av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementet sitt kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtalen av kap. 17.
Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskap Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.
Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. I 2003 produserte gruveselskapet i alt 2,9 mill. tonn kol netto. Produksjonsvolumet var 0,8 mill. tonn høgare enn i 2002. Oppnådde kolprisar var om lag 4,4 pst. høgare enn i 2002. Ved utgangen av 2003 hadde SNSG 233 tilsette, mot 225 ved inngangen til året. Store Norske Gull AS vart etablert i 2003 og har som formål å undersøkje og drive gullfelt på Svalbard. Store Norske Boliger AS forvaltar konsernet sin bustadmasse i Longyearbyen og i Svea.
Konsernet hadde i 2003 driftsinntekter på 945 mill. kr og eit årsresultat på 64 mill. kr. Tilsvarande tal i 2002 var 695 mill. kr og 64 mill. kr. Morselskapet SNSK fekk i 2003 eit årsresultat på 15 mill. kr. Av dette er 7,5 mill. kr utdelt som utbyte til aksjonærane.
Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.
Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortinget si behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS og Svea Nordprosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001–2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er, gjennom ringverknadene av selskapet sine aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg ønskjer staten ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i dei to selskapa.
I forståing med Nærings- og handelsdepartementet har SNSG, med bistand frå ekstern finansiell rådgivar, gått gjennom og vurdert høvet til å få inn private industrielle/strategiske investorar i gruveselskapet SNSG. Arbeidet har bl.a. omfatta ei verdivurdering av selskapet, utarbeiding av prospekt og kartlegging av interessa blant potensielle investorar. Fleire interessentar vart identifiserte, men ingen vart vurdert som aktuell å gå vidare med ut frå dei fastsette vurderingskriteria. I juni 2004 vart saka behandla av styret i SNSK, som fatta vedtak om å tilrå for departementet at prosessen med delprivatiseringa av gruveselskapet vart avslutta. Saka vart deretter behandla av Det interdepartementale polarutvalet i august 2004, som slutta seg til styret sine vurderingar. Etter ei samla vurdering går regjeringa inn for at prosessen med å vurdere ei delprivatisering av kolverksemda til SNSK blir avslutta.
SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapet sine eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.
Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kr til Kings Bay AS i 2005, til drift og investeringar. Ny-Ålesund er hovudsenteret for naturvitskapleg forskingsverksemd på Svalbard. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden. Selskapet hadde 21 tilsette ved utgangen av 2003.
Vedtektene for Kings Bay AS fastslår at selskapet si verksemd særleg skal ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. To av medlemmene i styret blir valde etter forslag frå respektive Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet.
Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske og kinesiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking.
Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.
Kings Bay AS arbeider med bygging av eit marinlaboratorium i Ny-Ålesund. Marinlaboratoriet vil vere unikt gjennom plasseringa si og tilknytinga til det internasjonale forskingsmiljøet i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet er stor, og ei rekkje land har allereie forplikta seg til å delta i prosjektet, sjå omtale under pkt. 4.3.
I samband med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, understreka utanrikskomiteen i si innstilling at ein vidare vekst innan forsking må skje innafor rammer som er forsvarlege for miljøet. I tråd med dette slutta komiteen seg til at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som ein «grøn» forskingsstasjon, og føresette at Kings Bay AS syter for nødvendige tiltak for å redusere miljøverknadene av verksemda i Ny-Ålesund-området til eit minimum.
Etaten administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvens og avgrensing av planområda på Svalbard, har etaten ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal etaten, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.
Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og fører tilsyn med opningar knytte til nedlagte gruveverksemder. For å sikre at bergverksaktiviteten skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.
Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for etaten : Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noreg sine mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av etaten si verksemd som er retta utover:
For 2005 vil etaten prioritere saksbehandling og tilsynsverksemd. Etaten vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av etaten under kap. 906 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementet sin St.prp. nr. 1 (2004–2005).
Det vart i St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, vist til at det er viktig at delar av oppgåvene til Svalbard Næringsutvikling blir førte vidare. Dette gjeld statistikkproduksjon, arbeidet med å leggje til rette for eit miljøtilpassa reiseliv og ansvaret for vertskapsfunksjonane innan reiselivet som tidlegare vart utførte av avdelinga Info-Svalbard. I stortingsmeldinga vart det vidare vist til at regjeringa tek sikte på å gi reiselivsnæringa sjølv eit større ansvar for utviklinga av næringa på Svalbard. Etter dialog mellom Nærings- og handelsdepartementet og Svalbard Reiselivsråd vart Svalbard Reiseliv AS etablert i 2001, med sikte på å føre vidare hovudoppgåvene til Info-Svalbard.
Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.
Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.
Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa.
I 2003 vart det registrert 71 049 gjestedøgn ved overnattingsbedrifter i Longyearbyen. Dette er ein nedgang på 4,5 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 74 433 gjestedøgn. Nordmenn står for om lag 74 pst. av gjestedøgna. I alt kom det 27 879 gjestar til Svalbard i 2003, noko som var ein nedgang på 2,7 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerane. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsbransjen arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida. Det har vore ei positiv utvikling for mørketidsmånadene februar og oktober, mens tala for påsken og sommaren ikkje var like gode, med ein samla nedgang i gjestedøgn på om lag 9 pst.
Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 mill. kr til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2005.
Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. Den direkte statlege finansieringa av prosjektet utgjorde 28 mill. kr. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat. I tillegg eig selskapet to antenner. NASA har bygd ei antenne som blir nytta av fleire av deira satellittar. Den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar (EUMETSAT) har bygd to antenner. Vidare har Telenor bygd ei telekommunikasjonsantenne på SvalSat. Norsk Romsenter arbeider for å skaffe fleire kundar til SvalSat.
Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske vêrvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er avslutta. Norsk Romsenter har inngått ein kontrakt med IPO om framtidig nedlesings- og dataoverføringstenester. Kontrakten som er inngått har ei kostnadsramme på 40 mill. USD og har ein avtaleperiode på 25 år. Det har gjort det mogleg for Norsk Romsenter å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane tilbyr samtidig generelle breibandstenester til Longyearbyen.
Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer i samsvar med Svalbardtraktaten.
Andøya Rakettskytefelt A/S har etablert Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Anlegget stod ferdig i 1997, og investeringane i anlegget var på om lag 7,4 mill. kr. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Som følgje av lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen, gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og dei siste vart gjennomførte ved årsskiftet 2003–2004.
Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret, og Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.
Etableringa av Forskingsparken vil ha mykje å seie både for lokalsamfunnet i Longyearbyen og for Svalbard. Forskingsparken vil bl.a. gjere det mogleg å samle dei akademiske miljøa i Longyearbyen, jf. St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard og Innst.S. nr. 196 (1999–2000). Dei akademiske miljøa vil få ein felles infrastruktur med samordna service for feltundersøkingar og publikumsaktivitetar. Etablering av eit kulturhistorisk magasin i samband med Svalbard Museum vil òg gi betre høve til å formidle kulturhistorie på Svalbard både til fastbuande og til besøkjande.
Arbeidet med å etablere ein forskingspark på Svalbard har vore eit samarbeidsprosjekt som har involvert fleire departement og andre offentlege instansar. Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med utviding av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og Miljøverndepartementet med nye areal for Norsk Polarinstitutt. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre arbeider med nye lokale for Svalbard Museum. Justisdepartementet arbeider òg saman med Sysselmannen på Svalbard og Riksantikvaren med stiftinga av eit kulturhistorisk magasin. Sysselmannen har òg gått saman med Svalbard Museum om samlokalisering og utvikling av eit felles senter for miljøinformasjon.
Alle verksemdene som er tenkt å liggje i forskingsparken på Svalbard treng større plass. Sambruket i ein park vil gi betre og meir økonomisk utnytting av arealet. Vidare vil samlokalisering av akademiske miljø i Longyearbyen kunne skape faglege synergieffektar og gjere tilhøva betre for publikum og lokalbefolkninga som nyttar tenestene hos desse verksemdene.
Kostnadsramma for prosjektet er på 400 mill. kr (pr. 15.09.2003). Grunnarbeida var ferdige i 2003 og bygginga held fram i 2004. Etter planen skal bygget vere ferdig hausten 2005. Det blir foreslått ei løyving til vidareføring av prosjektet på 129,1 mill. kr i 2005. For nærare omtale sjå kap. 2445 post 31 under Moderniseringsdepartementet sitt budsjett.
I 2002 vart det etablert eit femårig forskingsprogram kalla «Polar klimaforsking», som blir finansiert av midlar frå Fondet for forsking og nyskaping over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett kap. 286 post 50. For 2005 er det sett av om lag 25 mill. kr til føremålet og om lag ein tredel av satsinga gjeld forsking knytt til Svalbard. Forskingsaktiviteten vil for det meste gå føre seg i havområda kring Svalbard, men det vil òg bli noko aktivitet på land.
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som statleg aksjeselskap 29.11.2002. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994.
Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer 100 studieplassar ved UNIS. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Studentaktiviteten utgjorde i 2002 til saman 112-årsekvivalentar og 50 pst. av studentane var utanlandske. I 2003 utgjorde studentaktiviteten 119 årsekvivalentar, og om lag 60 pst. av studentane var utanlandske. Det vart oppretta to nye stipendiatstillingar i 2004, slik at det no er totalt åtte stipendiatstillingar ved UNIS. I budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er det for 2005 foreslått å løyve 77,7 mill. kr på kap. 281 post 74 Tilskot til UNIS.
Rundt rekna 6,5 mill. kr av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2005, kap. 285 post 52, vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Dette er ein nedgong samanlikna med 2004 som skriv seg frå at det i 2004 vart gitt ei eingongsløyving på 10 mill. kr til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund. Reelt sett er det derimot ein auke på 1 mill. kr for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland innanfor polarforsking. Innanfor løyinga på posten vil 2. mill. kr gå til samarbeidsavtalen mellom Noregs forskingsråd og National Science Foundation. I tillegg vil midlar frå andre program under Forskingsrådet (bl.a. «Norklima-programmet», «Romforskingsprogrammet», «Marine ressursar, miljø og forvaltning») og frå ulike forskarinitierte prosjekt, finansiere forsking på eller knytt til Svalbard.
Det nye marinbiologiske forskingslaboratoriet i Ny-Ålesund vil stå ferdig sommaren 2005. Det er eit internasjonalt konsortium av forskingsinstitusjonar som står bak planen og har gjort avtale om den seinare bruken. Kings Bay AS prosjekterer og fører opp bygget. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen frå Nærings- og handelsdepartementet. I 2005 vil inntil 2 mill. kr av løyvinga under «Norklimaprogrammet» gå til prosjekt knytt til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund på Svalbard.
Marinlaboratoriet i Ny-Ålesund og Svalbard forskingspark, sjå egen omtale, vil gi gode tilhøve for å vidareutvikle konseptet om å gjere Svalbard til eit verdsleiande område for internasjonalt forskingssamarbeid.
Det er vanskeleg å seie kor stor del av dei midlane Forskingsrådet disponerer til ulike program og prosjekt som kan klassifiserast som forsking på eller i tilknyting til Svalbard. For å betre informasjonen om dette har Norsk institutt for studiar av utdanning og forsking (NIFU) gjennomført ein analyse av kor store ressursar som blir nytta til polarforsking generelt og til forsking på Svalbard spesielt (Rapport 82003 Norsk polarforskning – forskning på Svalbard). Rapporten viser bl.a. at det i 2002 vart utført om lag 415 årsverk i norsk polarforsking. Av desse var om lag 13 pst. utført på Svalbard. Norsk forsking utgjorde 48 pst. av den totale verksemda på Svalbard. Det samla talet på forskardøgn fordelte seg i 2002 med 11 500 forskardøgn i Longyearbyen, 10 000 i Ny-Ålesund og 6 000 andre stader. I Longyearbyen dominerte norsk forsking, medan det var overvekt av utanlandske forskardøgn i Ny-Ålesund.
Utgiftene til Longyearbyen skule blir dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, under kap. 222 Statens grunnskuler og grunnskuleinternat. For 2005 er det foreslått løyvd 25 mill. kr til skulen på Svalbard. I dette ligg òg dei løyvingane som er knytte til husleige og drift av lokale og tenestebustader for dei tilsette. Ein tek sikte på å overføre drifta av skulen med tilhøyrande tenester til Longyearbyen lokalstyre med verknad frå årsskiftet 2005–2006.
Longyearbyen skule vil ha om lag 233 elevar i skuleåret 2004–2005 (200 i grunnskule og 33 i vidaregåande opplæring). For fire år sidan var elevtalet 182. Det er venta ein vidare auke i talet på elevar, bl.a. på grunn av utbygging av UNIS og Svalbard forskingspark. Barn og unge som oppheld seg for kortare eller lengre tid på Svalbard, har av mange årsaker spesielle oppvekstvilkår. Det er viktig å leggje tilhøva til rette slik at svalbardsamfunnet sjølv kan setje i verk tiltak i samsvar med behova i dei ulike aldersgruppene. Longyearbyen lokalstyre har, saman med foreldra, ei viktig rolle i dette arbeidet.
Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen og flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn over budsjettet til Meteorologisk institutt. For 2005 vil løyvinga til desse formåla vere om lag 10,2 mill. kr.
EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, bl.a. på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir blir òg brukt til navigering, satellittposisjonering, telesamband med meir. Ein av desse radarane er EISCAT Svalbard radar i Longyearbyen. For 2005 vil Noreg sin kontingent til EISCAT truleg bli på om lag 2,7 mill. svenske kr. EISCAT arbeidar med å vidareføre EISCAT-avtalen, som går ut i 2006.
Det er fastsett ei eige skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova), er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard. Personar som er busette på Svalbard og selskap som er heimehøyrande der, har på visse vilkår alminneleg skatteplikt til Svalbard. Personar og selskap har avgrensa skatteplikt til Svalbard for inntekt vunne ved arbeid eller verksemd under opphald på Svalbard, og for formue og inntekt av fast eigedom der.
Ved kgl. res. 12. desember 1997 vart det vedteke at Svalbard skulle ha eit eige likningskontor med kontorstad Svalbard. Likningskontoret vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11 1998. Svalbard har eiga likningsnemnd og overlikningsnemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.
Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard likningskontor.
I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal likningsforvaltninga rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergartar som blir utførte frå Svalbard.
Løyvingane til likningskontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.
Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, medan Telenor er gitt ansvaret for drifta. Det blir òg arbeidd med å knytte Ny-Ålesund til fiberkabelen i løpet av 2005, gjennom å etablere ein radiolink. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.
Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Underskotet ved denne tenesta er dekt gjennom løyvinga til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. For 2005 er det sett av 7 mill. kr til kjøp av ulønsame posttenester på Svalbard. Dette er ein nedgang frå 2004 som i hovudsak skuldast at Posten ikkje lenger praktiserar same portosatsar på pakkepost til og frå Svalbard som på pakkepost elles i Noreg.
Ved utgangen av 2003 var det 108 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman tre barnehagar, ein familiebarnehage og to ordinære barnehagar som alle ligg i Longyearbyen.
Lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehager (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Barne- og familiedepartementet har i medhald av § 26 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad på Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for barnehagedrifta, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet.
Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Barne- og familiedepartementet sitt budsjettkapittel 856 Barnehagar, post 60 Driftstilskot til barnehagar. Barnehagedrifta i Longyearbyen er i dag regulert gjennom vilkår stilte for dette tilskotet, og vilkåra tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber t.d. at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for barnehagar.
Barnehageeigarane søkjer om statstilskot. Longyearbyen lokalstyre kontrollerer at opplysningane i søknadene er korrekte og søkjer om driftstilskot på vegner av barnehagane. Det er Barne- og familiedepartementet som behandlar søknadene og utbetalar tilskotet. Vidare gjennomfører Sysselmannen synfaring og tilsyn med barnehagane etter avtale med Barne- og familiedepartementet. Dei sistnemnde oppgåvene blir utførte av barnehagekonsulenten i Longyearbyen lokalstyre. Barnehagekonsulenten har også vegleiingsansvar for barnehagane.
Etter Barne- og familiedepartementet si oppfatning fungerer ordninga med forvaltning av statstilskotet og drift av barnehagane tilfredsstillande.
Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2003 utbetalt barnetrygd til om lag 340 barn busette på Svalbard. I 2005 er det venta at 4,2 mill. kr vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.
Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2005 rekna ut at om lag 0,45 mill. kr vil gå til kontantstøtte på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.
Frå 01.01.2004 vart fylkeskommunane sine oppgåver på barnevernområdet overførte til statleg styresmakt. Dette inneber bl.a. at ansvaret for etablering og drift av barneverninstitusjonar, ansvaret for rekruttering og formidling av fosterheim og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell vegleiing ligg til statleg styresmakt.
Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntjenestens anvendelse på Svalbard, regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Gjennom forskrifta hadde opphavleg Fylkesnemnda i Troms og Finnmark, Troms fylkeskommune og Fylkesmannen i Troms fått utvida sitt ansvar på barnevernområdet til Svalbard. Som ein konsekvens av at fylkeskommunane sine oppgåver på barnevernområdet skulle overførast til statleg styresmakt, vart det behov for å endre forskrift om lov om barneverntjenestens anvendelse på Svalbard. Ved forskriftsendring 28. november 2003 vart forskrifta § 3 endra slik at ansvaret på Svalbard for rekruttering og formidling av fosterheim, og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell vegleiing, vart overført frå Troms fylkeskommune til statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord. Endringa trådde i kraft 01.01.2004.
Longyearbyen sjukehus gir helsetenester til den norske befolkninga på Svalbard og alle som ferdast på og rundt øygruppa. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eiga helseteneste som er eigenfinansiert, jf. reglane i Bergverksordninga for Svalbard.
Longyearbyen sjukehus er eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus og yter 1. og 2. linjetenester, dvs. tenester tilsvarande eit helsesenter på fastlandet. Ved større ulykker må det tilkallast hjelp frå fastlandet. Frå 1993 har det vore stasjonert eit redningshelikopter på Svalbard. Personell frå sjukehuset skal innafor beredskapsordninga si bemanne helikopteret ved ambulanseoppdrag.
Frå 2002 vart Longyearbyen sjukehus lagt under det regionale helseføretaket Helse Nord RHF. Organisatorisk er Longyearbyen sjukehus tilknytt Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF. Som følgje av omlegginga er løyvingane til sjukehuset lagt inn i ramma til Helse Nord RHF, jf. kap. 732, post 75.
Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, bl.a. Longyearbyen skule, Svalbard kyrkje, Sysselmannen sin administrasjonsbygning, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 139 bueiningar. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Statsbygg har avtale med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF om drift av sjukehuset i Longyearbyen.
Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen, Svalbard kyrkje og Sverdrupstasjonen i Ny-Ålesund vart innlemma i husleigeordninga frå 01.01.2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for eigedommane blir dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.
Etter påbod vart arbeidet med utbetring av brennstoffanlegget på Hopen gjort i 2003, og arbeidet med å utbetre tankane på Bjørnøya vil starte i 2004. Etter påbod frå Arbeidstilsynet vil Svalbard kyrkje blir utbetra i løpet av 2004. Arbeidet med nytt tilbygg for ungdomstrinnet ved Longyearbyen skule vil starte i 2004 med fullføring i 2005.
På Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2005 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd foreslått eit tilskot på 132 000 kr til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.
Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 150 000 kr til bibliotekteneste på Svalbard i 2005. Svalbard Samfunnsdrift AS har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.
Kultur- og kyrkjedepartementet gir pressestøtte til Svalbardposten. Svalbardposten fekk 247 000 kr i produksjonstilskot i 2004. Tilskotet for 2005 vil avhenge av opplagstala til avisa, og blir endeleg fastsett i oktober d.å. Utbetaling av tilskot skjer etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa.
Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstmenn og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.
Kyrkja har som mål at også utanlandske busette på Svalbard skal få tilgang til kyrkjelege tenester. Ein søkjer å leggje praktisk til rette for at befolkninga i Barentsburg og i Hornsund òg kan betenast av prestar tilhøyrande deira eigne kyrkjesamfunn.
Kyrkja på Svalbard utfører alminnelege tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg. Peisestova i kyrkja er dessutan samlingsstad både for kyrkjelege aktivitetar og for lokalbefolkninga. Den er òg mykje besøkt av turistar.
I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt. Kyrkja får si løyving over svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 1.